Kvifor heiter det «hjerne»?

Standard

Kvifor kallar vi det blaute og grå tenkeorganet for hjerne? Ordet er eldre og meir utbreitt enn du skulle tru!

Ordet hjerne høyrer til dei norske arveorda. Det vil seie at det har funnest i språket vårt så langt tilbake som vi kan spore det, heilt til det indoeuropeiske stamspråket, som ein går ut frå at blei brukt for 5–6000 år sidan. Ordlyden har rett nok endra seg på vegen, men vi har altså ikkje importert det, slik ein kanskje kunne tru med eit såpass lite kvardagslig ord.

Det eldste belegget vi har, er hjarni frå norrønt, men forskarar har rekonstruert ei eldre urgermansk form, *herznán-, som òg skal vere opphavet til det tyske ordet for hjerne: Hirn. Ordet isse kjem også frå *herznán, så det er ein temmeleg nær slektning av hjerne.

Det har vist seg å vere vanskeleg å rekonstruere den indoeuropeiske forløparen for hjerne, sidan dette hypotetiske ordet har endra seg svært mykje i alle dei etterkommande språka (det vil seie dei fleste europeiske og nokre av dei asiatiske språka). Ein meiner likevel at dette opphavsordet skal ha hatt tydinga ‘hovud’ eller ‘skalle’, og at ordet ikkje berre er forløparen for dei germanske hjerne og Hirn, men også blant anna for det latinske cerebrum (‘hjerne’) og det sanskrittiske çîrshn– (‘skalle’).

Frå hjerne til hjørne?

Orda horn, hjort og hjørne kan moglegvis også ha utvikla seg frå det indoeuropeiske stamordet for ‘hovud’, det same ordet som hjerne skal ha utvikla seg frå. Dei fire orda ser kanskje ikkje ut til å ha mykje til felles, men samanhengen finst der: Horn veks på hovudet, hjorten er eit horndyr og hjørne er ofte hornforma. Når vi finn på nye ord, tar vi gjerne utgangspunkt i dei orda som finst i språket frå før, og vrir berre litt på dei. Men det kan jo vere vel så kreativt som å lage heilt nye ord!

Hjerneføde

I engelsk er det som kjent brain som er det vanlegaste ordet for ‘hjerne’, men dei har også den meir dialektale forma harns, som dei moglegvis har lånt frå dei nordiske språka. Det kan vere verdt å nemne at brain ikkje berre blir brukt i engelsk. I tysk bruker dei det tilsvarande ordet Bregen om hjerne frå dyr som blir brukt til mat, til skilnad frå Hirn, som altså er det vi tenker med. Så no slepp du å lure på kva som er i Bregenwurst neste gong du står i pølsekø på ferie i Tyskland.

Denne teksten blei først publisert i Argument 2 2013. 

Reklame

Kvifor heiter det «grense»?

Standard

Tydinga av grenser er nærmast grenselaus.

Ordet grense er ikkje opphavleg norsk. Vi har importert det frå dansk, som igjen har lånt det frå tysk. Men ordet har heller ikkje funnest i det tyske språket meir enn nokre hundre år – tyskarane har nemleg lånt Grenze frå slavisk. Så ein ting kan vi seie sikkert: Ordet grense kjenner ingen språklege grenser.

Klare kantar

Det slaviske ordet granica går attende til den urslaviske rota *granь, som tyder ‘rand’ eller ‘skarp kant’. Urslavisk er opphavsspråket for alle dei slaviske språka, som til dømes polsk, russisk og tsjekkisk, og det blei tala før 600-talet. Det finst ingen skriftlege kjelder frå urslavisk, men forskarar har rekonstruert delar av språket ved hjelp av ei samanlikning av trekk frå språka ein vil finne opphavet til. Ganske likt den metoden biologar tradisjonelt har nytta om dei skal skildre ein art dei ikkje har fossil etter.

Den urslaviske rota *granь stammar frå den indoeuropeiske rota som tyder ‘skarp kant’ eller ‘ende’. Det er ikkje vanskeleg å sjå overgangen frå dei eldre tydingane ‘rand’, ‘ende’ eller ‘skarp kant’ til den moderne tydinga ‘grense’. Typiske grenser er jo skarpe og klare.

Markagrense

Ordet granica blei lånt inn i det tyske språket på 1200-talet, og etter kvart som det spreidde seg, fortrengte det ordet Mark, som var det opphavlege ordet for ‘grense’. Mark hadde ikkje heilt den same tydinga som Grenze, men blei heller brukt om grenseområde. Grenze stemmer kanskje betre med den moderne oppfatninga av kva ei grense er – ei skarp skilelinje.

Det norske ordet mark tyder i dag berre ‘skog’ eller ‘utmark’, men i eldre norsk var tydinga grenseskog. Islendingane nyttar framleis ordet mark (i forma mörk) om grense. Å trekkje ei grense heiter til dømes «draga mörk». Ein kan spore restar av den gamle tydinga av ordet mark i moderne norsk også: Utmark eller bymark ligg like utanfor gards- eller bygrensa.

Historisk sett blir det Oslo-aktuelle ordet markagrense derfor smør på flesk, om ein vil vere litt vrang.

Denne teksten blei først publisert i Argument 3 2013. 

Kvifor heiter det «rus»?

Standard

Brunstig, full og forelska. Rus kan nyttast om mange former for galskap.

Ein rus er ein sjølvvald sjuke. Det å rangle rundt i ørska, med eller utan skruplar, er noko ein gjer etter å ha drukke alkohol eller blitt forelska. Denne tilstanden kallar vi rus på norsk. Men kvifor?

Larmande hanseatar

Ordet rus er truleg lånt inn i norsk frå nedertysk på den tida vi hadde mykje kontakt med dei nord-tyske hanseatane, frå 1200-talet og utover. Veldig mange moderne norske ord er opphavleg nedertyske, og blei lånt inn i Hansa-perioden – somme forskarar meiner talet på slike lånord i norsk er mellom 30 og 40 prosent.

I middelnedertysk hang ordet saman med verbet rûsen, som tydde ‘larme’ eller ‘rase’. Ikkje så ulikt den typiske helgeåtferda til oss nordmenn, altså. Kanskje har vi ikkje forandra oss så mykje sidan vi adopterte dette ordet for nokre hundre år sidan? Alkoholen virka nok likt på oss den gongen som nå – ein rasar gjerne rundt litt. På norsk nyttar vi jo også verbet ruse i tydinga ‘storme fram’ eller ‘springe vilt’ («han rusa av garde»), og kven har ikkje gjort det i gledesrus (eller i fluesopprus, dersom du er vikingberserk)?

I østfrisisk, eit språk som er i nær slekt med både engelsk og tysk, tyder verbet rûsen både ‘å fare hastig fram’ og ‘å vere brunstig’, om svin. Alle desse orda og tydingane stammer sannsynlegvis frå ei urgermansk rot, *rus, som tyder ‘å fare fram’. Urgermansk er moderspråket til dei nordiske språka og engelsk, tysk og nederlandsk. Adjektivet rusk («å vere tullerusk») har også opphav i rota *rus.

Russ og rus

Samanhengen mellom rus og russefeiring er kjend for nordmenn flest. Da er det kanskje også samband mellom dei to orda? Ein kan lett kome til den slutninga når ein tenkjer på kva som er hovudaktiviteten i russetida – å ha i seg store kvanta med øl og vandre rundt i både alkoholrus og lykkerus i tre veker. For ikkje å snakke om bakrusen som kjem etterpå, når eksamen bankar på døra. Men desse to orda har ikkje felles opphav.

Russ er visstnok opphavleg ei forkorting av det latinske uttrykket depositurus cornua, som tyder «ein som skal leggje av horna». Etter gammal tradisjon fekk nemleg nye studentar festa horn i panna, og desse vart tekne av for å symbolisere at tida som villdyr er over.

No til dags treng ikkje komande studentar å leggje av seg horna, men rusen er ikkje ein mindre obligatorisk del av tradisjonen.

Denne teksten blei først publisert i Argument 5 2012. 

Kvifor heiter det «kraft»?

Standard

Naturens kraft, suppekraft, i kraft av, atomkraft og kraftfôr til ein kraftig kraftkar. Ordet kraft har mange tydingar og bruksområde i moderne norsk. Men kor kjem det frå, og kva var den opphavlege tydinga?

Kraft har ein noko usikker etymologi. Men om vi følgjer ordet bakover til førkristen tid, kan vi lære ein heil del. Kraft stammar frå det gammalnorske ordet kraptr, som igjen truleg går tilbake til den urgermanske verbalrota *krêb. Tydinga kan ha vore ‘bli fast’ eller ‘trekkje seg saman’.

Urgermansk er stamspråket til blant anna tysk, engelsk, nederlandsk, islandsk og dei skandinaviske språka. Derfor er det ikkje overraskande at etterkomarar av *krêb også finst i desse språka. Engelsk har til dømes substantivet craft, som har utvikla ei heilt anna tyding enn det skandinaviske eller tyske kraft, nemleg ‘handverk’, ‘dugleik’, ‘flid’ eller ‘kunst’. Det norske dialektordet kræv har ei liknande tyding – ‘dugande’ eller ‘livleg’. Substantivet krav og det tilhøyrande verbet krevje har også moglegvis opphav i rota *krêb, og er dermed slektningar av ordet kraft, sjølv om det kanskje ikkje er så lett å sjå den tydingsrelaterte samanhengen i dag.

Tydinga forgår, forma består

Det norrøne trinnet på utviklingsstigen til kraft er interessant. Kraptr eller krǫptr kunne tyde ‘makt’, ‘styrke’ eller ‘overnaturleg evne’, akkurat som det moderne norske ordet. Det er kanskje meir overraskande at det også kunne nyttast i tydinga ‘engel’ eller ‘dyd’, som i «gera krapt af nauðsyn» – ‘gjere dyd av nødvendigheit’. Akkurat korleis ordet kraptr fekk desse tydingane, og så mista dei igjen i overgangen til moderne norsk, er ikkje heilt enkelt å forklare. Det som er sikkert, er at kraft står oppført med heile sju tydingar i ordboka i dag, men ingen av dei ser ut til vere den same som den urgermanske tydinga av *krêb, å trekkje seg saman. Tydinga forgår, men forma består.

Denne teksten blei først publisert i Argument 2 2012.