Kvifor heiter det «demokrati»?

Standard

Demokratiet er ei gresk importvare så god som oliven, fetaost og Zorba.

Termane demokrati og folkestyre står oppførde med den same definisjonen i dei offisielle ordbøkene: «styreform der (fleirtalet av) folket har avgjerdsmakta». Skilnaden mellom dei to orda er at det eine definitivt er forståeleg for «folk flest», mens det andre kan verke heilt gresk – for det er det nemleg.

Det greske språket var lenge viktig i akademia, på same måte som latin, og vi finn mange greske lånord i norsk, mellom anna ord som ender på –logi (‘lære’) og –nomi (‘lov’). Ordet δημοκρατία (demokratia) er sett saman av δήμος (demos) og κράτος (kratos), som tyder ‘folk’ og ‘styre’/‘makt’. Termen folkestyre er eit såkalla omsettingslån, og er direkte omsett frå det greske demokratia.

I norsk og andre germanske språk finn vi elles ein fjern slektning av det greske kratos, nemleg adjektivet hard. Desse to orda skal ha eit felles opphav i eit indoeuropeisk ord som hadde tydinga ‘hard’ (som motsetning til ‘mjuk’). I gresk har dette ordet seinare fått tydinga ‘sterk’ og ‘mektig’, og ein treng ikkje så veldig stor fantasi for å sjå samanhengen mellom desse og ‘styre’/‘makt’.

Ikkje la deg lure av flotte ord

Termen demokrati blei truleg til kring 400 år før vår tid i det gamle Hellas. Den gongen tydde nok ikkje ‘folk’ heilt det same som i dag. Det var heller tale om ein elite av frie menn, og kvinner og slavar var ekskluderte frå dette selskapet.

Ordet blei opphavleg brukt som eit antonym til monarki (‘einevelde’) og oligarki (‘fåmannsvelde’), men desse sistnemnde omgrepa har fått ei såpass svekka tyding i dag at dei ikkje kan bli rekna som motsetningar til demokratiet lenger. Vår eiga styreform, som er ei blanding av demokrati (eller parlamentarisme) og monarki, illustrerer det. No er det helst diktaturet som blir definert som den tydeligaste motsetninga til demokratiet, men det er ikkje noko diktatorar flest liker å reklamere med. Sjå til dømes på Kim Jong-uns Nord-Korea: Det heile og offisielle namnet på denne staten er Den demokratiske folkerepublikken Korea. Om det er folket som styrer, og ikkje folket som blir styrt, er altså ikkje gitt av namnet.

Denne teksten blei først publisert i Argument 4 2013. 

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s