Namnet Brasil har vandra med dei europeiske oppdagarane rundt halve jordkloden, frå Asia til Sør-Amerika.
Raudmåling
Brasil var opphavleg eit namn europearane brukte på ein særskild tresort i Søraust-Asia, Caesalpinia sappan eller sappantre. Dette treet kan blant anna brukast til å vinne ut raudfarge til å farge garn med eller lage måling av, og har derfor vore ei verdifull handelsvare.
Korleis kunne namnet på eit asiatisk tre bli namnet på eit stort land på andre sida av kloden? Då europearane oppdaga Sør-Amerika, fann dei også ein tresort (C. echinata) som likna sappantreet, og som også produserer dette raude fargestoffet (ei felles nemning for desse trea er raudtre). Namnet brasil blei også brukt på det amerikanske raudtreet, og området der brasiltreet voks, blei kalla terra do brasil, som er portugisisk for raudtreland. Etter kvart blei namnet forkorta til berre Brasil, og det blei også namnet på den portugisiske kolonien.
Raudt som glør?
Brasil har altså fått namnet sitt frå ein tresort som veks der, og som liknar på eit søraustasiatisk tre med same namn. Men korleis fekk det asiatiske treet dette namnet? Etymologien til brasil er svært usikker, men eit mogleg svar er at ordet opphavleg kjem frå eit asiatisk språk, og at ordlyden endra seg ein del då det blei importert til dei europeiske språka (ein har altså ikkje klart å rekonstruere noka eldre form).
Det finst også andre, moglege teoriar om opphavet til ordet brasil, til dømes at det kjem frå det spanske eller portugisiske ordet brasa, som tyder ‘glo’ (farga som kjem frå raudtre er jo glødande), eller at det kjem frå det arabiske ordet for safran, wars. Desse etymologiane er berre bygd på gissingar, og er derfor usikre.
Denne teksten blei først publisert i Argument 3 2013.