Naturens kraft, suppekraft, i kraft av, atomkraft og kraftfôr til ein kraftig kraftkar. Ordet kraft har mange tydingar og bruksområde i moderne norsk. Men kor kjem det frå, og kva var den opphavlege tydinga?
Kraft har ein noko usikker etymologi. Men om vi følgjer ordet bakover til førkristen tid, kan vi lære ein heil del. Kraft stammar frå det gammalnorske ordet kraptr, som igjen truleg går tilbake til den urgermanske verbalrota *krêb. Tydinga kan ha vore ‘bli fast’ eller ‘trekkje seg saman’.
Urgermansk er stamspråket til blant anna tysk, engelsk, nederlandsk, islandsk og dei skandinaviske språka. Derfor er det ikkje overraskande at etterkomarar av *krêb også finst i desse språka. Engelsk har til dømes substantivet craft, som har utvikla ei heilt anna tyding enn det skandinaviske eller tyske kraft, nemleg ‘handverk’, ‘dugleik’, ‘flid’ eller ‘kunst’. Det norske dialektordet kræv har ei liknande tyding – ‘dugande’ eller ‘livleg’. Substantivet krav og det tilhøyrande verbet krevje har også moglegvis opphav i rota *krêb, og er dermed slektningar av ordet kraft, sjølv om det kanskje ikkje er så lett å sjå den tydingsrelaterte samanhengen i dag.
Tydinga forgår, forma består
Det norrøne trinnet på utviklingsstigen til kraft er interessant. Kraptr eller krǫptr kunne tyde ‘makt’, ‘styrke’ eller ‘overnaturleg evne’, akkurat som det moderne norske ordet. Det er kanskje meir overraskande at det også kunne nyttast i tydinga ‘engel’ eller ‘dyd’, som i «gera krapt af nauðsyn» – ‘gjere dyd av nødvendigheit’. Akkurat korleis ordet kraptr fekk desse tydingane, og så mista dei igjen i overgangen til moderne norsk, er ikkje heilt enkelt å forklare. Det som er sikkert, er at kraft står oppført med heile sju tydingar i ordboka i dag, men ingen av dei ser ut til vere den same som den urgermanske tydinga av *krêb, å trekkje seg saman. Tydinga forgår, men forma består.
Denne teksten blei først publisert i Argument 2 2012.