Ommøblering i grammatikken

Denne artikkelen står i siste nummer av Syn og Segn


Språket endrar seg kontinuerleg, men ikkje alle endringar er forenklingar. Korleis oppstår grammatikk, og har somme språk eller dialektar meir grammatikk enn andre?

Eit nesten-sjølvorganiserande system

Det naturlege talespråket ventar ikkje på noko vedtak frå Språkrådet før det endrar seg, og er såleis ein type sjølvorganiserande system. Det tyder likevel ikkje at det ikkje er vi språkbrukarar som styrer språket – det skjer berre på ein indirekte og nokså kaotisk måte. Språket føyer seg etter ei usynleg hand, som igjen blir styrt (umedvitent) av språkbrukarane. Det kom til dømes aldri eit offisielt vedtak i mellomnorsk tid om å legge ned kasusbøying av substantiv eller personbøying av verb. Derimot var det den usynlege handa som sakte og stille plukka vekk litt her, og la til litt der.

Store språkendringar skjer gjerne når samfunnet går gjennom store omveltingar. I merovingartida (550 – 800) oppsto til dømes vikingkulturen medan det urnordiske språket utvikla seg til norrønt. Lange, intrikate ord blei kortare, vokalane fekk ny farge, og HlewagastiR – namnet på han som lagde dei kjente gullhorna i Danmark – blei til Hlégestr (i dag Legjest). Samstundes med desse språkendringane, eller snarare forut for dei, reiste skandinavane stadig meir rundt og snakka med kvarandre, særleg etter at dei utvikla betre skip. Det å ha mykje kontakt med folk som snakkar litt annleis enn det ein sjølv gjer, har vist seg å vere ein katalysator for språkendringar, og ofte forenklingar. Eit anna døme er handelen med hanseatane frå seinmellomalderen, som ifølge språkforskaren Ernst Håkon Jahr ikkje berre førte til at vi fekk mange nye lånord, men som sannsynlegvis også sette fart i forenklinga av bøyingssystemet.

Sosiolingvisten Peter Trudgill er blant dei som har påvist samanhengen mellom dialektkontakt og språkforenkling. Nokre grunnar til at språket blir enklare av kontakt, kan vere umedvitne forsøk på å forenkle språket så den andre lettare skal forstå, eller eit umedvitent ønske om å nærme seg språket til den andre. Også i moderne norsk kan vi sjå korleis dialektkontakt fører til språkendring. I industritettstader som Odda eller Rjukan snakkar dei annleis enn i dei mindre bygdene rundt, med færre arkaiske trekk.

Ny grammatikk frå gamle ord

Når ein del av språksystemet blir enklare hos éin generasjon talarar, blir det gjerne rekna som slurv og slendrian av dei eldre generasjonane. Men den usynlege handa slurvar ikkje, ho ommøblerer språket. For samstundes som vi mistar gammal grammatikk, får vi ny grammatikk. Dette skjer mellom anna gjennom ein langsam og samansett prosess som heiter grammatikalisering, ein term som blei laga av den franske lingvisten Antoine Meillet på byrjinga av 1900-talet. Frå 80- og 90-talet har grammatikalisering vore rekna som eit av dei viktigaste fenomena i språkendring, for det kan nemleg gi oss betre forståing av kvifor vi har grammatikk, ikkje berre korleis vi har fått den.

Eit døme på grammatikalisering er utviklinga av den bestemde artikkelen, som skjedde i norrøn tid. Når vi snakkar om ein spesifikk og bestemd gjenstand, person, eller dyr, må vi bøye substantivet i bestemd form: Der er nabokatten, ikkje Der er nabokatt. Dei som lærer seg norsk må bruke ein del tid på dette, særleg dei som ikkje har obligatorisk markering av bestemming i morsmålet, til dømes russisktalande. Om ein viking hadde reist fram til vår tid, hadde ho kanskje klødd seg i hovudet over dette kravet om å legge til endinga –en (eller -a, -et) når det er snakk om noko bestemt – for det kravet fanst nemleg ikkje i tidleg norrønt.

Måten den bestemde artikkelen oppsto på, var at det eldre demonstrativet (også kalla påpeikande pronomen) inn, som var plassert bak substantivet, glei saman med substantivet fordi det mista tyngd: hundr inn (’hund den’) blei til hunden. Den opphavlege tydinga til inn liknar på tydinga til det moderne demonstrativet den, som vi bruker når vi vil peike ut noko eller nokon: Sjå på den hunden! Når ordet inn blei til endinga -en, mista det også evna til å kunne stå for seg sjølv – det må lene seg på eit substantiv. Dessutan mista det den peikande funksjonen, og blei redusert til ein bestemmingsmarkør; hunden tyder ikkje det same som hundr inn, eller den hunden. Slik innhaldsredusering er typisk for grammatikalisering – ord blir til grammatikk. Vi har som nemnt mista ein del grammatikk sidan tidleg norrøn tid, men denne bestemde artikkelen er altså eit døme på grammatikk som vi har, som dei i tidleg norrøn tid ikkje hadde.

Utvikling av funksjonsord frå innhaldsord er også grammatikalisering. Eit døme er preposisjonen hos (Eg er hos Ola), som kjem av det norrøne ordet hús, likt det moderne substantivet hus, berre uttalt med ein o-lyd i staden for u. Denne o-lyden ser vi spor av i hos, men der har han også blitt forkorta. Korleis fekk vi ein preposisjon av ordet hús? Det skjedde gjennom at det gradvis mista den konkrete tydinga si i bestemde bruksmåtar, mellom anna ved at det blei ny-analysert: Ein som er i huset til Ola, er hos Ola. Når hús har vore brukt i slike samanhengar, har dei blitt omtolka frå å tyde ein bygning ein bur i, til å tyde nærleik til den som eig huset.

Sjølv om eit ord utviklar seg til å få meir grammatisk funksjon, tyder ikkje det at det ikkje samstundes kan brukast med den gamle, meir konkrete tydinga. Etter kvart som ord utviklar grammatisk tyding i éin kontekst, og held på den gamle i ein annan, kan dei to bruksmåtane gjere at orda også får to ulike former: hus og hos. Ein annan viktig skilnad er at berre substantivet blir bøygd, medan hos har mista denne evna. Huset til Ola er eit bestemt hus, og får endinga -et. Men du kan ikkje seie at du er hoset Ola. ­

Det er ganske vanleg at preposisjonar er etymologiske etterkommarar av innhaldsord med meir handfast tyding. Preposisjonen mot (Eg går mot dykk) kjem av det same ordet som substantivet møte. Det er ikkje vanskeleg å sjå korleis dei to heng saman: Går du nokon i møte, går du mot dei. Andre døme er til, som antakeleg kjem frå eit substantiv som tydde ’mål’, og bak, som opphavleg tydde ’rygg’ – jamfør det engelske back.

Liknande utviklingar som dei eg har skissert her, kan ein finne i mange språk frå ulike språkfamiliar. Det er eit velkjend fenomen at bestemde artiklar ofte utviklar seg frå av demonstrativ: Det har skjedd i skandinavisk, engelsk, baskisk, ungarsk, rumensk, bantuspråk, og i mange fleire. Og den franskkyndige lesaren drog kanskje kjensel på samanhengen mellom hos og hus – for den tilsvarande franske preposisjonen chez er nemleg ein etterkommar av det latinske casa. Ifølge World Lexicon of Grammaticalization har den same utviklinga også skjedd i dei meir eksotiske språka akadisk, kagaba og haitisk kreol.

Nettopp det at grammatikk ofte har liknande historisk bakgrunn i språk utan slektskap til kvarandre, gjer grammatikalisering interessant. Ved å sjå på slike parallellar kan vi kome nærare ei forståing av kvifor grammatikken er organisert som den er, til dømes kvifor vi bøyer ord i bestemming eller kasus. Når ord blir grammatikalisert og omgjort til grammatiske uttrykk, skjer det mellom anna fordi vi tolkar inn ny og meir abstrakt tyding i det vi høyrer. På sett og vis er det ei eller fleire mistydingar kombinert med ”slurv” som er årsaka til at hús blei til hos, eller at hundr inn blei til hunden. Resultatet av desse meir eller mindre umedvitne nytolkingane er funksjonell og praktisk grammatikk, men vi fekk ikkje denne grammatikken fordi den var naudsynt.

Blir språk meir grammatiske?

Det er i grunnen ikkje så mange grammatiske kategoriar som er naudsynte i seg sjølve – elles hadde alle språk vore like. På nokre område er dei fleste språka i verda like: Alle har til dømes nektingsuttrykk, og alle har peikeord og spørjeord. Alle språk treng dessutan ein måte å organisere informasjonen i setningar på, og ein måte å lage nye setningar med eit heilt nytt innhald, som mottakaren likevel kan forstå. Dei grammatiske uttrykka som ikkje er heilt universelle, men likevel vanlege, blir gjerne kjenneteikna ved at dei er praktiske eller funksjonelle. Bøyingsendingar er til dømes praktiske fordi dei inneheld generell informasjon pakka ned i korte uttrykk. På norsk kan det vesle segmentet -te tyde ’preteritum’ i kokte, følte, visste¸ osb., og det er ein effektiv måte å uttrykke at ei hending har skjedd i fortid på. Endinga -te har også oppstått gjennom grammatikalisering, og kjem mest sannsynleg frå det urgermanske verbet *dōn, som tydde ’gjere’ (som det tyske tun). Før vi fekk preteritumsendingar, måtte ein altså uttrykke fortid på ein litt meir omstendeleg måte – utan at det gjorde så mykje. Mange språk greier seg utmerka godt utan tidsbøying av verb, til dømes vietnamesisk eller mandarin, på same måte som vi greier oss utmerka godt utan å personbøye verb, slik dei gjer i tysk (ich lese, du liest).

Om mykje av grammatikken kjem frå konkrete innhaldsord berre ein sporar røtene langt nok tilbake i tid – tyder det at alle språk går i retning av å få meir bøying, og at somme språk har meir utvikla grammatikk enn andre? Det enkle svaret på det er nei. For det første kan ikkje all grammatikk sporast tilbake til innhaldsord, og det finst også andre endringsprosessar enn grammatikalisering som skaper grammatikk. For det andre blir grammatikk uttrykt på fleire måtar enn bøying, og berre ved å samanlikne norrønt og moderne norsk ser vi at grammatikk kan vere alt frå kasusbøying til preposisjonar og ordstilling. Som tidlegare nemnt gjer den usynlege handa ei ommøblering når språk endrar seg. Det er ikkje eit lagnadsstyrt behov for grammatikk som styrer dette, men komplekse  endringsmekanismar som er vanskelege å få oversikt over.

Jamvel om språk ikkje blir meir eller mindre grammatiske, eller meir eller mindre sofistikerte, så kan språk ha meir eller mindre komplekse bøyingssystem. For den som lærer seg tysk, er det uunngåeleg å legge merke til at verb- og pronomenbøyinga glatt overgår det norske systemet. Det same gjeld islandsk, som til dømes har 14 ulike former av adjektivet rik, medan norsk berre har tre. Denne ulikskapen botnar i at vi har fått eit enklare system, som igjen truleg blei katalysert av den tidlegare nemnde kontakta med hanseatane i seinmellomalderen.

Forenkling kan altså skje gjennom kontakt, men for at vi skal kunne snakke om ei ommøblering av grammatikken, held det ikkje å berre sjå på desse endringane. Peter Trudgill har poengtert at forenkling berre utgjer ein liten del av biletet, og at vi også må sjå på korleis såkalla kompleksifisering (mellom anna ved grammatikalisering) skjer. Ikkje uventa trekker han fram det motsette av kontakt, nemleg isolasjon.

Omgrepet isolasjon i denne samanhengen må lesast med varsemd. Det er ikkje snakk om totalt isolerte språksamfunn av den typen vi finn i ”Gufseplassen” i Donald Duck-historia Eggemysteriet. Relativt isolerte språksamfunn kan vere dialektområde som tradisjonelt har hatt lite kontakt med andre – og slike blir det stadig færre av. I slike språksamfunn er det ein tendens til at språket over tid blir meir komplekst i tillegg til at det ikkje blir forenkla, og dermed syner både nye og arkaiske trekk. Eit døme på dette er språket älvdalsk som blir tala i Älvdalen i Sverige. Til skilnad frå svensk har det tatt vare på fleire norrøne trekk, som personbøying av verb (ig båkå ‘eg bakar’, men bakum ‘vi bakar’) og kasusbøying (substantivet kaller ‘karer’ har til dømes også formene kalla og kallum), men i tillegg har det fått nye og kompliserande trekk. Forskaren Piotr Garbacz har peikt på fleire slike nye trekk i syntaksen, til dømes uttrykking av subjektet to gonger i same setning. Det er sjølvsagt ikkje fullstendig føreseieleg at språksystem blir enklare gjennom kontakt, eller at dei blir meir komplekse gjennom isolasjon. Nokre typar av kontakt kan føre til kompleksifisering, og dessutan kan språk i kontakt låne komplekse grammatiske uttrykk frå kvarandre.

Grammatikk er ikkje berre openbert nyttige endingar og konstruksjonar. Nokre av dei grammatiske kategoriane våre er tilmed så ”unyttige” at vi knapt kan seie kvifor vi har dei – grammatisk kjønn er eit døme på det. Det at det heiter ein stein, men eit fjell, er ikkje lett å forklare. Vi menneske er gode til å hugse, og gode til å oppdage mønster, også der det tidlegare ikkje var noko mønster. Slik kan vi – oftast umedvitent – oppfatte tilfeldig ulike endingar som uttrykk for bestemde kategoriar. Dermed kan språket bli rikt på bøying som kan vere nyttig, men som ikkje er strengt nødvendig frå eit informasjonsperspektiv.

Forenkling og forvansking av språket skjer på grunn av prosessar som vi språkbrukarar styrer indirekte, men som vi ikkje har fullstendig kontroll eller oversikt over. Meir eller mindre nyttig grammatikk oppstår som eit resultat av desse komplekse endringane, men vi kan ikkje sjå på dette resultatet som årsaka til den same endringa – då har vi ei forklaring som bit seg sjølv i halen. I den store samanhengen er ikkje det naturlege språksystemet på veg korkje mot etter bort frå eit ”ideelt stadium”, for det er ingen som har makt til å styre det.

3628f5a3-9110-4c01-bcfc-9b4ca9c00bd5-2060x1340
Minna Sundberg

Legg igjen en kommentar